fredag 20. oktober 2017

Balsfjord Mållag 40 år

19. oktober 2017 hadde Balsfjord Mållag den tradisjonelle kulturkvelden sin og feira samstundes 40-årsjubileum. Mållaget kan skilte med eigen poet, Lillian Bernes Hay, og ho las prologen ho hadde skrive ved dette høvet.

Frå Samlaget kom redaktør Ellen Skjold Kvåle og presenterte forlaget og nokre av dei mest aktuelle forfattarane. Ho hadde med ei rekkje bøker som ho omtalte kort og interessevekkande, og bøkene var til sals etterpå.

Fylkeslagsleiar Magne Heide helsa frå Troms og Finnmark fylkesmållag.

Professor Arne Torp var foredragshaldar på jubileumskvelden. «Kvifor er Noreg dialektparadiset?» var tittelen på foredraget. Torp fanga publikum frå første stund og illustrerte dialektmangfald i Sverige og Danmark ved sida av vårt eige land. Vidare forklarte han korleis historie og språkpolitikk i Noreg har ført til ei sterk stode for dialektane våre. Arne Torp fekk stor applaus.

Koret «Vi Menn» song vakkert. Foto: Magne Leon Heide.
Koret «Vi Menn» hadde songar på dialekt frå fleire kantar av landet, og dessutan den islandske «Á Sprengisandi». Det siste var ei overrasking og viste til at då Arne Torp besøkte Balsfjord Mållag i 2009 med foredraget «Språk i Norden», song han denne i lag med «Vi Menn». Så no stilte Torp til dakapo og blei utnemnd til æresmedlem i koret!

Det var god stemning i kantina på Nordkjosbotn videregående skole denne kvelden, og etter heimelaga mat og kaffi var det loddsal og kviss – denne gongen med emnet «Dialektord frå Troms».

På jubileet var det møtt fram over 60 personar, som er publikumsrekord for Balsfjord Mållag.

Ingrid Russøy

(Også trykt i Nordk Tidend, medlemsblad til Noregs Mållag, nr 5, november 2017)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar